Per Johan Feet til minne
14. april var lanseringsdagen for Norsk Presses Historie 1660-2010. Eit bokverk i fire bind med tildels heilt nytt materiale, ei forteljing over nesten 2000 boksider, rikt illustrert, om den norske pressa der Per Johan Feet sjøl hadde gjort ein stor arbeidsinnsats sidan han begynte som administrerande direktør i Tønsberg Blad i 1986. Og nå sto han der og takka alle dei som hadde vore involverte i bokprosjektet. Stolt og vital og glad sette han eit verdig punktum for den siste dyktige innsatsen sin for Medie-Norge, åtte års arbeid som leiar av bokstyret i Norsk Pressehistorisk Forening (NPF) som hadde stått for gjennomføringa av dette kulturløftet.
Nesten på timen ein månad seinare ringde klokkene inn til Per Johan Feets bisettelse i ei fullsett Tønsberg domkyrkje. Eit massivt hjarteanfall hadde vel ei veke før sett ein stoppar for det pensjonistliv han snakka om med samme entusiasme og livsglede som prega han dei åra vi arbeidde ilag. 30. mai ville han ha fylt 67 år.
Per Johan var økonom og kom inn i det pressehistoriske arbeidet som Mediebedriftenes Landsforenings representant i NPFs styre. Tillitsvekkande og dyktig som han var, hadde han raskt fått verv i medieorganisasjonane både nasjonalt og internasjonalt. I engelskspråklege samanhengar var han humoristisk omtalt som Mr. ”feet”. I NPF blei han kjend som den store fondreisaren.
Då Per Johan kom til NPF var draumen om ein norsk pressehistorie begynt å nærma seg verkeleggjering. Tanken og opptakten må vel Arve Solstad og Hans Fredrik Dahl ha skulda for, men finansierings- og framdriftsansvaret fekk Per Johan Feet. Han tok ansvaret og gjennomførte med den elegansen og presisjonen som kjenneteikna alt han gjorde. Saman med Arve Solstad drog han rundt til mediekonserna, bransjeorganisasjonane, ulike foreningar og fond. Dei klarte å reisa rundt 15 millionar kroner akkurat i tide før dei gode tidene var over.
Han var ein mann alle organisasjonar måtte misunna oss. Berre tenk deg: Eit åtte års forsknings- og bokprosjekt med rundt 200 bidragsytarar. Finansiert av mediebransjen sjøl. Fullført presis til planlagt tid, og med eit budsjett som trefte omtrent på krona. Det finst neppe maken til bokprosjektleiing i norsk litteraturhistorie.
Seinare på dagen den 14. april var det eg, som leiar i Norsk Pressehistorisk Foreningen, som fekk takka han for den strålande innsatsen og for den fine kontakten vi hadde hatt underveis. I desse åra har det sjølvsagt av og til dukka opp vanskar og utfordringar, men problem var aldri vanskelege å løysa i lag med Per Johan. Med han kjende eg meg trygg. Vi blei gode venner.
”Tenk at ein pengeteljar som meg skulle få bli med på noko slikt,” sa Per Johan fleire gonger mens vi diskuterte det professor- og skribenttunge prosjektet. Da han fekk dei fire binda i hus like etter påske, ringde han meg i pur glede mens hans sat og las om norsk presses fødsel på 1600-talet. ”Det er så spennande!” utbraut han. ”Dette er moro å lesa. Det er så godt fortalt!”
Vi skildest på ettermiddagen 14. april etter glade utepils i solskinnet i Oslo, og avtalte å møtast i sommar når eg skulle til Tønsberg. Vi skulle drikka eit glas kvitvin i sjøkanten, ”debriefa” litt og nyta ansvarsløysa. Men slik blei det ikkje, og det av grunnar som nesten ikkje er til å begripa.
På vegner av Norsk Pressehistorisk Forening takkar eg Per Johan Feet for den store og kompetente innsatsen over mange år. Eg takkar han for godt vennskap og trygg støtte.
Arnhild Skre
Leiar i Norsk Pressehistorisk Forening
